KOLOFON FORLAG AS
KOLORITT FORLAG AS

Nedre Slottsgate 5
0157 Oslo
Telefon: 22 82 51 00
Telefaks: 22 82 51 01
E-post:post@kolofonshop.no



Som liten gut i 1943 høyrde eg soga om ein russisk krigs-fange-rømling – som fars fetter hadde berga i skjul for tyskarane – oppe på fjellet i ei av sine jakthytter. Denne soga var guds reinaste sanning og alle i bygda hugsar den. Russaren forlét Ryfylke og Norge – då freden kom i 1945. Og seinare har ingen høyrt noko – om kor det blei av han.

Kor enda Igor? – denne flotte – vakre og svært høge mannen.

Igor var ein urimeleg hard råtass av ein krigar – elles hadde han ikkje greidd å røma frå tyskarane – sa folk! Igor var i tillegg ateist og gudsfornektar – så ja – gudbetre – han kom seg vel heimatt – og gjekk så til grunne i sitt eige moralsk forderva ateistiske samfunn!

Ikkje noko stor undring å spore i den soga altså – for Satan kjenner jo sine – og han tek også glupsk og grådig hand om alle fråfalne.

Men er det rimeleg å gå utifrå at ateisme og anna gudløyse er identisk med råskap og anna umoralsk svineri – slik eg fekk lære om det – blant dei rolege og sindige i eit trufast bedehusmiljø – i ei lita fjordbygd like i utkanten av «det mørke fastlandet»? Kan eit samfunn eksistera – og samstundes ivareta høg-moralske verdiar – når prestar og kyrkjesamfunn er fjerna og sett ut av funksjon? Kan dei sølibatære geistlige med sin livsstatus og livsførsel rett og slett vise til ein paradisisk tilstand! Svaret mitt ligg inne i denne boka – men ikkje som flott og høgkyrkjeleg teologi. Det er tankar om dei svært få – men gode og praktfulle gudsfornektande menneska som eg fekk møte i mitt liv.

Men boka er fyrst og fremst soga om Anna – om korleis ho fekk leve sitt liv saman med mannen sin – denne vakre – staute krigaren og råtassen – Igor – han som berga livet sitt i Ryfylkeheiane – den gongen då eg berre var ein liten gutetrave.

Kjell Hetlelid Apotekar Spesialist i sjukehusfarmasi Fødd i Vormedalen i Hjelmeland i 1938 Examen artium ved Bryne offentlege landsgymnas i 1959 Embetseksamen i farmasi i 1963 Kjell Hetlelid har budd i Stavanger – Førde – Volda – Sola.