KOLOFON FORLAG AS
KOLORITT FORLAG AS

Nedre Slottsgate 5
0157 Oslo
Telefon: 22 82 51 00
Telefaks: 22 82 51 01
E-post:post@kolofonshop.no



Arkitekt, Professor Sverre Pedersen (1882-1971) har laga meir enn hundre planar for norske byar og tettstader. I tidleg mellomkrigstid blei han internasjonalt anerkjend for sitt byplanarbeid og fekk mange utmerkingar og sentrale tillitsverv i internasjonale organisasjonar.
  Som professor i Bygningskunst I ved NTH i åra 1920-1954 kom han til å prege ein generasjon arkitektar og byplanleggjarar som var hans studentar.
Med sin autoritet og faglege gjennomslagskraft fekk Sverre Pedersen også motstandarar.
  Dette fekk han særleg merke under og etter den andre verdskrigen då hans eigen fagorganisasjon NAL gjennom ei utanomrettsleg sak straffa han for det dei meinte var unasjonale holdningar han hadde vist i arbeidet som leiar av gjenreisingsorganisasjonen Brente Steders Regulering. Denne boka viser at desse skuldingane var grunn-lause. Aksjonen mot Sverre Pedersen er eit eksempel på kor urimeleg somme kunne bli behandla etter krigen.

Helga Stave Tvinnereim er professor em. i kunsthistorie, frå Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet, Trondheim. Ho er dr. philos. frå Universitetet i Oslo 1988 med avhandlinga Det nye Molde Ein studie av gjenreisinga etter bombinga i 1940 på bakgrunn av ulike retningar i europeisk bybyggingskunst og med særleg vekt på professor Sverre Pedersens planarbeid for norske byar og tettstader. “Arkitektur i Ålesund 1904–07” (1981). Seinare har ho utarbeidd forskingsrapporten Norsk byplanlegging 1920-1965 Nasjonal tradisjon – internasjonal påverknader (1990), publisert bøkene Agro Pontino Urbanism and regional development in Lazio under Benito Mussolini (2007) og Plass og monument i urbane miljø (2010). Ho var medlem i styret for Nasjonalgalleriet , Oslo, (1998-2003) og i styret for Det norske institutt i Roma (DNIR) (2000-2004).